Hovlandsåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2024 kl. 07:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovlandsåna i osen til Lislevatnet.
Den mektige Trollfossen.
Foto: Geir Daasvatn

Hovlandsåna (Skåråna, Flatelandsåna) er ei elv som renn ut frå Lislevatnet i Evje og Hornnes kommune og austover gjennom Hovlandsdalen, forbi Vegusdal i Birkenes kommune og ut i Vågsdalsfjorden. Store delar av strekninga er temmeleg flatt terreng. Men ved Flateland i Vegusdal renn elva gjennom eit svært gjuv. Her er ein større foss; Trollfoss.

Hovlandsåna høyrer til Uldalsvassdraget, som igjen er ei tilførselsgrein til det større Tovdalsvassdraget. Bare ein kort stubb av Hovlandsåna ligg i Evje og Hornnes.

Vassdraget oppstraums for Hovlandsåna er regulert (Høvringsvatn og Vikstølvatnet), og vassføringa i elva er store deler av året lita. Olje- og energidepartementet har (2013) gjeve løyve til Vegusdal kraftverk AS til å overføre vatn frå Hovlandsåna til Kjetevatn, og bygging av Flateland kraftverk. Vassføringa mellom Myklebostad i Hovlandsdalen og Flateland vil då bli endå meir redusert.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...