Kjetevatn

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes. Inn i Kjetevatn kjem ei lita elv frå Førevatn og Kvittjørn. Ut av vatnet og nedover dalsida til Hovlandsåna renn Tvøråna. Vatnet drenerer såleis til Uldalsvassdraget. Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og vidare nordover til Førevatn. Det ligg nokre fritidsbustader på austsida av vatnet.
Olje- og energidepartementet har gitt Vegusdal kraftverk AS løyve til å bygge Flateland kraftverk. Kjetevatn skal då vere magasin for kraftverket. Vatnet skal overførast til kraftverket via en ca. 2,5 kilometer lang tunnell. Det skal også byggast ein mindre demning ved utlaupsosen av vatnet, som gjer det mogeleg å heve vasstanden med ein meter.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Kart, Norge-serien, 10006 Evje, kartside 32G02
- Utslippstillatelse frå Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder i samband med bygging av Flateland kraftverk