Uldalsvassdraget

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Uldalsåna ved Trældalen mellom Vegusdal og Herefoss.
Det nye (2014) Skripelandsfossen kraftverk i Uldalsåna, på garden Uldal i Froland kommune.
Foto: Geir Daasvatn

Uldalsvassdraget er ei sidegrein til Tovdalsvassdraget i Aust-Agder, og har sjølv tre sidegreiner: Skjeggedalsåna, Hovlandsåna og Ogge-området. Uldalsåna munnar ut i Tovdalsvassdraget i Herefossfjorden.

Ut av Høvringsvatn heilt nord-aust i Evje og Hornnes kommune renn Klepslandsåna. Elva renn ut i Prestøygardsvatnet, Storøygardsvatnet og Vikstølvatnet. Ut av dette og ned i Lislevatnet renn Håtveitåna. Vidare frå Lislevatnet og austover i Vegusdal renn Hovlandsåna. Ho munnar ut i Vågsdalsfjorden. Herfrå fører Skjeggedalssåna og frå Samkom Uldalsåna vidare til Herefossfjorden, der den sluttar seg til Tovdalselva. Dette strøket i Evje og Hornnes høyrer altså til Uldalsvassdraget (og Tovdalsvassdraget).

Uldalsvassdraget er regulert. Vatnet utnyttast i Skripelandsfossen kraftverk (frå 2014) og Hanefoss kraftverk (frå 1961).

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...