Flateland kraftverk

Flateland kraftverk er eit kraftverk under bygging i Vegusdal i Birkenes. Delar av anlegget (overføringstunnel m.v.) vil ligge i Evje og Hornnes. Olje- og energidepartementet gav løyve til bygging ved vedtak av 13. september 2013, med seinare justeringar i vedtak dagsett 27. november 2015. Kjetevatn skal vere magasin for kraftverket. Vatn skal overførast frå Hovlandsåna ved Myklebostad til Kjetevatn gjennom ein ca. 5 kilometer lang tunnell. Ein ca. 2,5 kilometer lang tillaupstunnell skal føre vatnet frå Kjetevatn til sjølve kraftstasjonen på Flateland. Kraftstasjonen er venta å gi ein årsproduksjon på rundt 47 Gwh og dekke det årlege straumforbruket for 2 500 husstandar.
Etter over 20 år med planlegging starta anleggsmaskinane på prosjektet 30. august 2021. Byggekostnadane var rekna til om lag 300 millionar kroner. Utbyggingsselskapet Bekk og Strøm gjennomførte prosessen på vegne av 10–11 grunneigarar. Frå 2021 har det nystarta selskapet Cadre AS overtatt ansvaret for utbygginga. Nomeland Maskin hadde oppdraget med grunn- og betongarbeid, med Kaspar Strømme AS i Kristiansand som underentreprenør for betongen.
Kjelder
- Temakart NVE
- Sigurd Haugsgjerd, Flateland kraftverk gir kvar av grunneigarane 1 mill. i året, artikkel i Setesdølen nr. 64, 2021, side 9
- Om Cadre AS hos Europower
- Sigurd Haugsgjerd, Grunn- og betong til 40 mill., artikkel i Setesdølen nr. 11, 2022, side 12