Flateland (Birkenes gnr. 132)
Flateland er ein gard i Vegusdal i Birkenes. Det går ein om lag to kilometer lang veg inn til busetnaden frå Fylkesveg 42 Evje - Arendal ved Vegusdal kapell. Garden grensar til Vegusdal i sør, Skåre i vest, Nystøl i Mykland i nord og mot Vågsdalsfjorden i aust. Gjennom utmarka renn Hovlandsåna med den svære Trollfoss.
Innhold
Kraftverk[rediger]
Flateland kraftverk er planlagt bygd på Flateland.
Historie[rediger]
Det er funne gravhaugar på garden. Han må såleis truleg vere frå vikingtida, utan at det er nøyaktig stadfesta med utgravingar eller på andre vis. Flateland er ein sekundærgard, som i si tid er gått ut frå Vegusdal.
Kjelder[rediger]
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 145-154
Kart[rediger]
Laster kart...