Skilnad mellom versjonar av «Bykildammen»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Ekstra kjelde)
s (Bilde)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Bykil 031018.jpg|mini|høgre|Bykil sett frå [[Huldreheimen]]. Dette landskapet ville kome under vatn om Bykildammen hadde blitt ein realitet. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
'''Bykildammen''' var ein 75 meter høg betongdemning som [[Otra Kraft|kraftutbyggarane på 1960-talet]] ynskte å bygge ved [[Bykil]] sør for [[Bykle kyrkjebygd]] i [[Bykle kommune]]. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved [[Byklestigen]], akkurat der [[Setesdal]] er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også [[Botsvatn]] i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.

Versjonen frå 7. februar 2023 kl. 13:10

Bykil sett frå Huldreheimen. Dette landskapet ville kome under vatn om Bykildammen hadde blitt ein realitet.

Bykildammen var ein 75 meter høg betongdemning som kraftutbyggarane på 1960-talet ynskte å bygge ved Bykil sør for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved Byklestigen, akkurat der Setesdal er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også Botsvatn i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.

Motstanden mot prosjektet var stor i Bykle. Ordførar Gunnar Å. Tveiten kjempa ein iherdig kamp mot dammen på vegne av byklarane. Til slutt vart planane stansa av regjeringa Borten i 1969. Men sigeren hadde ein bismak. 16 av dei 24 gardsbruka i Nordbygdi ved Botsvatn vart likevel neddemde, då det i staden for dam ved Bykil nokre år seinare vart bygd dam ved Botsvatn.

Kjelder