Onsdagssending i Valle Radio 20110907

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. september 2011 kl. 18:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Debatten)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle Radio 7. september 2011 er sida som fortel om programmet i Valle Radio onsdag 7. september 2011. Dette programmet var valsending ved Ørnulf Hasla og Ole Birger Lien. Jørund Georg Jore var teknikar og Harald Haugland las spørsmål som kom inn frå lyttarane.

I panelet er desse med:

Programmet starta med ein introduksjon frå Ørnulf Hasla før han gav ordet over Ole Birger Lien, som starta med ein generell runde om kva ordførarkandidatane hadde å seie om å stille til ordførar, nokre gamle og nokre nye. Deretter var det musikk: Stay with me.

Ved starten var det 15 personar i salen.

Tellef Inge Mørland, Ap sin fylkesordførarkandidat vart intervjua av Ørnulf Hasla (opptak)

Debatten

Skulesaka

Første tema var skulesaka, og Ole Birger Lien spurte Ann Christin Jacob om nedlegging av Hylestad skule. Ho hadde fem korte punkt om dette. Bjørgulv T. Berg var den første som kommenterte det.