Farstø


Farstø var ferjestad over Otra frå Evje-sida mot Faret ved utløpet av Dåsåna i Hornnes. Staden låg langt sør på Evjemoen, omtrent rett over elva for osen av Dåsåna. Frå ferjestaden gjekk «Prestevegen» nordover den lange sletta på Evjemoen i retning Evje og Prestegarden. Her var truleg ferjeplass heilt tilbake i jernalderen.

Fram til det kom bru over Dåsåna rundt 1840, måtte ein også ferje over den elva. Av dei to fergestadane var overroet over Dåsåna det viktigaste. Ferjinga over Otra og Dåsåna var innarbeidde skipnader, som folket i dei bygdene som høyrde til distriktet var vane med å betale fartoll til. Heile Bygland prestegjeld, Evje, Hornnes, Iveland og Åseral skulle betale fartoll til fergemannen i Faret. Betalinga var gjerne kjøt eller korn.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 233–236
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 296–297
Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 61