Farstø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2024 kl. 14:59 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferjestaden Farstø (2). Overroet over Dåsåna (3-4).

Farstø var ferjestad over Otra frå Evje-sida mot Faret ved utløpet av Dåsåna i Hornnes. Staden låg langt sør på Evjemoen, og var truleg ferjeplass heilt tilbake i jernalderen.

Faret, Otra og Farstø på Evjemoen bak.

Fram til det kom bru over Dåsåna rundt 1840, måtte ein også ferje over den elva. Av dei to fergestadane var overroet over Dåsåna det viktigaste. Ferjinga over Otra og Dåsåna var innarbeidde skipnader, som folket i dei bygdene som høyrde til distriktet var vane med å betale fartoll til. Heile Bygland prestegjeld, Evje, Hornnes, Iveland og Åseral skulle betale fartoll til fergemannen i Faret. Betalinga var gjerne kjøt eller korn.

Kjelder

Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 61