Fidjeland (Sirdal gnr. 3)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mars 2023 kl. 11:18 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Kvæven)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fidjeland er ein gard (gnr. 3) ved austsida av Fidjelandsvatnet i Øvre Sirdal i Sirdal kommune. Garden skil seg ut frå andre gardar i Sirdal, ved at han har jord på begge sider av Sira. Garden strekk seg såleis frå grensa mot Rogaland i vest til grensa mot Agder i aust. I den vestlege marka til Fidjeland er gardane Vatnedal og Helleren skild ut. Om ein ser vekk frå desse, grensar Fidjeland i sør-vest mot Kvæven og Sinnes, mot Lyse i Rogaland i nord-vest, mot Ådneram i nord-aust, mot Hylestad i Valle i aust og mot Kvinen og Haugen i sør.

Det er seks gardsbruk i garden (1980).

Historie

Garden må seinast vere rydda ein gong mellom år 600 og år 1000. Men han kan også vere noko eldre.

Kjelder