Øvre Sirdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lunde i Øvre Sirdal.
Kvinen-området heilt nord-aust i Øvre Sirdal. Her grensar Sirdal til Bygland.

Øvre Sirdal er ein tidlegare kommune i Vest-Agder. Kommunen blei etablert 1. januar 1905, då dåverande Sirdal kommune blei delt i Øvre Sirdal kommune og Tonstad kommune. Øvre Sirdal på den tid var ei ganske avsidesliggande fjellbygd, som i mangt kunne minne litt om Setesdal. I 1952 budde det bare 582 menneske i kommunen.

I eldre tider, før det kom veg til Stavanger, Egersund og Flekkefjord, hadde bygda ikkje lite samkvem med Setesdal. Ein del kvinner og menn frå Setesdal flytta til Øvre Sirdal og blei gifte og busette seg der.

I 1960 blei Øvre Sirdal og Tonstad slegne saman igjen, og fikk også med litt av Bakke kommune, i «nye» Sirdal kommune.

Kjelder[rediger]