Lie (Evje og Hornnes gnr. 21)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. januar 2023 kl. 18:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lie sett frå Hannåsfeltet i desember 2009.

Lie (Evje og Hornnes gnr. 21) er ein gard på heia vest for Moisund i Hornnes, sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Ein kjem dit ved å følge Fylkesveg 301 (Abusdalsvegen) vestover frå Riksveg 9 til Tønnesland, og derfrå Fjellestadvegen nordover til garden. Fer ein nokre hundre meter vidare forbi Lie, kjem ein til nabogarden Fjellestad litt høgare oppe i heia. Frå Lie er det eit vidt utsyn austover mot Hannåsfeltet.

Historie

Det gamle stabburet på bnr. 2.
Foto: Geir Daasvatn

I gards- og ættesoga for Hornnes meiner Olav O. Uleberg at Lie og nabogarden Fjellestad ikkje er mellom dei aller eldste i Hornnes, og trur dei kanskje er frå 1200-talet. Men seinare har andre gardkjennarar kome til at Fjellestad truleg kan vere frå tidsromet 700-1000 e.Kr. Då vil nok det same mest sannsynleg også gjelde for Lie.

Det står eit gamalt stabbur i garden, på bnr. 2, tidfesta til 1600-talet, første halvdel.

Kjelder

Kart

Lie på Norgeskart.no