Hopp til innhald

Tønnesland (Evje og Hornnes gnr. 26)

Frå Setesdalswiki
Tønnesland med Abusdalsvegen i framgrunnen.
Tønnesland ligg høgt og fritt, med utsyn utover Otra-dalføret.
Foto: Geir Daasvatn

Tønnesland (Evje og Hornnes gnr. 26) er ein gard på heia langs Abusdalsvegen vest for Moisund i Evje og Hornnes. Saman med Lie, Fjellestad, Sutestad, Haugland og Espetveit utgjer han «dei austre heiegardane».[1]

Gardsnamnet kjem ganske sikkert av det nordiske tyrnir, nypebusk. Det er ikkje gjort gravfunn eller funn av andre fornminne på Tønnesland. Men ein reknar med at han er ein gamal gard[2], truleg frå folkevandringstida (400–600 e.Kr.) då mange gardar med endestavinga -land kom til.

Saman med Haugland og Sutestad grensar Tønnesland mot Moi. Dei tre gardane lagar ein rein firkant saman, men er teigdelte seg imellom. Kanskje er grunnen, skriv den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad, at dei har vore ei eining i øydetida etter svartedauden.[3]

Litteratur

Referansar

  1. Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 24
  2. Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 549
  3. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, Arnstein 2006, s. 30

Kart