Hopp til innhald

Setr

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. februar 2019 kl. 13:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Setr (gamalt gardsnamn))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Setr eller Setrum skal opphaveleg ha vore ein gard i Valle. Nøyaktig kor han låg er ukjend, men det skal sikkert ha vore nordanfor Besteland.[1]. Folketradisjonen langt tilbake i tid skal ha vore at Setr låg der garden Løyland no er.[2] [3] Ein annan teori er at høvdingætta i Setrum budde der garden Rike seinere kom; gardsnavnet tyder «herredømet, riket».[4] I Jol i Setesdal 1973 har Hallvard Løyland sett fram ein teori om at ordet «setr» stammar fra det gamle ordet «sete». Med setr, ein sete, meinte dei i gamle dagar ei flate litt høgt oppe. Ut frå ulike forhold meiner derfor også Løyland at dei første som slo seg ned i Valle-bygda trulig bygde heimen sin på seten der Rike i dag ligg. Denne heimen - heimen til storbonden - fekk då namnet Setr på gamalnorsk. Juel Lund syner (1944) til at namnet Sæstad, fra det gammelnorske Sætrstadir, er i bruk i Tveitebø i Valle. Den gjeve garden må difor ha vore der.[5]

Seinare, i mellomalderen (Magnus Lagabøtes Landslov fra 1270-årene), var Sæthre (eller Sættre) namnet på området som svarte til Valle prestegjeld, inkludert Bykle sokn. Området nedanfor, Bygland og Evje prestegjeld, blei kalla Otrudal eller Otradale, etter elva Otra. Gardsnamnet frå Valle gekk såleis gradvis over til å bli nemninga på dalføret Setesdal.

I dag er både garden og namnet for lengst borte. Men ein gard som har gjeve namnet sitt til ein dal, kan ikkje ha vore nokon liten gard.

Referansar

  1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 44
  2. Byglands soge, utgeve av bygdesogenemda i Bygland, 1939, side 11
  3. Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 70-71
  4. Setesdalen, side 47
  5. Torjus Åkre m.fl., Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad, utgjeve av Valle bygdesogenemnd, 1983, side 362