Torgeir Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2017 kl. 09:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt inn en mellombokstad i Søren Uleberg, for å skille ham fra en annen Søren Uleberg)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torgeir Uleberg (fødd 1948) er pensjonert landpostbud og bur på småbruket KlevenØvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han arbeidde i Posten Norge i 47 år. Han begynte som landpostbod i Hornnes 1. februar 1970. Ved sida av jobben som landpostbud, dreiv han i mange år med mjølkekyr på garden.

Torgeir er ein framståande skyttar. Han vann felthurtigskytinga («Stuparen») på Landsskytterstevnet 1999Evjemoen, og blei nr. 2 i Kristiansand ti år tidlegare. Fem gonger har han vore mellom dei fem beste i denne spesialgreina.

Han er også ein ivrig turløpar i langrenn. Han har gått Sesilåmi 33 gonger, Birkebeineren ti gonger og også vore med i Vasaloppet i Sverige. Han har motteke Otra ILs Ærespris for mangeårig administrativt arbeid og dugnadsarbeid i skigruppa i Otra IL.

Foreldra til Torgeir var Torborg Uleberg (fødd Daasvatn) og Søren T. Uleberg.

Kjelder