Søren T. Uleberg
Søren T. Uleberg | ||
---|---|---|
Født: | 14. januar 1912 | |
Død: | 24. november 1984 (72 år) |
Søren T. Uleberg (fødd 14. januar 1912, død 24. november 1984) var bonde på småbruket Kleven på Øvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han var gift med Torborg Uleberg (fødd Daasvatn), som kom frå Kleven.
Søren var fødd på garden Espelid i Åseral. Han gjekk på Marnar Folkehøgskule, snekkerlina, i 1935-1936. I ungdomen dreiv han med snekring og skogsarbeid. Han og kona Torborg flytta etter kvart til hennar barndomsheim Kleven på Øvre Dåsvatn. Søren dreiv i skogen, i mange vintrar med hest, og hadde eit sagbruk der han skar tønnestav. Han kunne lafte, og var ein av dei få på den tida som lafta av rundtømmer. På garden hadde dei også kyr og sauer, som Torborg stelte med. I 60-åra begynte han med hyttebygging på Bortelid, og sette opp omkring 20 hytter der.
På fritida dreiv han med jakt, fiske og friluftsliv.
Søren og Torborg fekk tre born saman: Ingrid Birkeland (fødd 1943), Anne Marie Pedersen (fødd 1945) og Torgeir Uleberg (fødd 1948).
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 294
- Torleiv Vika, Våre røter - Kleven, Øvre Dåsvatn, utrykt slektsskrift, 2002