Hopp til innhald

Setesdal spelemannslag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. januar 2017 kl. 00:47 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Æresmedlemmer: Bjørgulv Straume 2016)

Setesdal spelemannslag vart stifta 31. august 1930. Etter at laget vart etablert, har det stått for Setesdalskappleiken, som vert arrangert kvart år i august.

I det første styret var desse med: Gunnar Lande, formann, Torleiv Frøyså, J. G. Nordgård, Olav Heggland og Dreng Ose.

Æresmedlemmer

Meisterspelemannen Olav Heggland er mellom heidersmedlemene i Setesdal Spelemannslag. Han var den aller første i laget som fekk denne gjeve utmerkinga.

Litteratur

I samband med 50-årsjubileet i 1980 skreiv Gunnar Lande og Hallvard T. Bjørgum festskriftet Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980. Boka er på 424 sider og er illustrert.

Kjelder