Olav Heggland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Heggland
Olav Heggland.JPG
Født: 18. februar 1888
Død: 6. november 1974 (86 år)

Olav Heggland (fødd 1888, død 6. november 1974) var ein spelemann frå Hegland i Bygland kommune som budde på Skomedal i mange år. Han var med i Setesdal Spelemannslag heilt frå starten i 1930. Han var og med då den første kappleiken vart arrangert i Setesdal i 1908 og var med på mest kvar kappleik i Setesdal heilt til det siste. For sitt store arbeid for laget vart han laget sin første æresmedlem i Setesdal Spelemannslag, utnemnd på laget sitt årsmøte i 1958, det året han fylte 70 år.[1]

Som lærarar hadde han Knut Jonson Heddi, Eivind D. Aakhus og Bjørn Tveitbakk frå Setesdal og Torkjell Haugerud, Aslak Lundtveit, Halvor Flateland og Svein Løndal frå Telemark. Det han lærte, vart så omforma og gjeve eit personleg uttrykk. Frå han var 21 år reiste han rundt og heldt konsertar, og denne verksemda gav inntekt nok til å leve av heile livet. I 1924 vann han Landskappleiken i Molde det året. Han spelte då ein setesdalsgangar, Gauken etter Myllarguten og Skjoldmøyslaget.[2]

Olav Heggland spelte ofte i radio, fyrste gongen var i 1937, og då han feira 80-års dag i 1968, var kringkastinga der og gjorde opptak.

Heder[rediger]

  • 1972 Torkjell Haugeruds minnepris
  • 1958 Æresmedlem i Setesdal Spelemannslag

Slåttar[rediger]

Av dei slåttane han fyrst lærde seg, var det bare nokre få som han heldt på:

Nokre slåttar bygde han ut og prega så sterkt at ein kan seie dei er hans slåttar:

Sjå også[rediger]

Kjelde[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Setesdal Spelemannslag 50 år side 234
  2. Setesdal Spelemannslag 50 ¨år side 309

Eksterne lenker[rediger]