Knut Jonson Heddi

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Jonson Heddi
Knutjonssonheddi.jpg
Født: 22. mars 1857
Død: 26. november 1938 (81 år)

Knut Jonson Heddi (fødd 1857, død 1938) var lærar, fotograf og spelemann i Hylestad. Han var fødd på Helle, med flytta med familien til Rysstad i 5-6-årsalderen og budde seinare i livet i Heddistoga.

Knut gjekk på amtsskulen på Bygland vinteren 1876/1877. Hausten 1877 skreiv han seg inn på Kristiansand stiftseminar, men slutta til jol. Etter dette gjekk han eit halvt år på Søgne lærarskule. Eksamen gjekk fint, endå han bare var ved skulen eit halvt år. Knut blei tilsett som lærar i Brokke skulekrins. Denne posten hadde han i åtte år, til han sa opp våren 1887.

Knut spela fele i bryllaup og til dans. Laurdagskveldane samla ungdomane seg i stoga hans til dans og spel. Men Hauge-rørsla var sterk i Setesdal på denne tida. Fela var djevelens instrument. Det kom fleire klager på Knut til skulestyret. Skulestyret ville ha Knut oppsagd. I 1887 sa han sjølv opp lærarstillinga si, og mista med det levebrødet. Men han stod óg friare til å velge sin eigen veg og stå fast ved sitt eige syn på spel og dans.

Kilder[rediger]

Se også[rediger]

Knut Jonson Heddi på Lokalhistoriewiki