Halvdan Furholt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Halvdan FurholtSymbol unrelated.svg
Født: 2. mars 1931 (88 år)
Laila og Halvdan Furholt på Setesdalskappleiken 2012.
Foto: Sigurd Haugsgjerd

Halvdan Furholt (fødd 2. mars 1931 i Vegusdal) er lærar og spelemann. Han bur på Nodeland i Songdalen, der han var tilsett ved Songdalen ungdomsskole frå 1967 til 1995, ti av desse åra som rektor. Han har lærarutdanning med musikk og engelsk som tilleggsfag. Han tok til å spele trekkspel i 6-7 årsalderen. Då han kom på realskulen, skifta han over til hardingfele. Han lærte dei første slåttane av broren Otto Furholt, av han fekk han og låne den første fela. Då kan kom til Hornnes landsgymnas, møtte han spelemenn frå Setesdal og han lærte mykje av Andres K. Rysstad, som hadde spelemannskurs på Hornnes.

Han var med første gong på SetesdalskappleikenByglandsfjord i 1950. Sidan har han vore med mest kvart år. Han har og vore med på landskappleiken, fyrste gong på Nesbyen i 1955, og andre kappleikar rundt om i landet. Han har spelt til bryllup, festar og samkomer i ungdomslag og fylkesstemner på Agder. Han har og vore med som spelemann for leikarringen frå Kristiansand på utanlandsturar til både Aust-Tyskland og Vest-Tyskland.

Han er gift med Laila Furholt, dei har dottera Ragnhild Furholt, som følgjer opp folkemusikktradisjonane. Saman med henne og broren Otto Furholt gav han ut albumet Agderkrullar (1981). Han var òg med på plata Fra den sørlandske folkesjel (1984) som domorganist Bjarne Sløgedal gav ut. Halvdan Furholt gav sjølv ut CD-plata Agderslåttar i 2002. Han var leiar av Songdalen Mållag i ei årrekkje, av Vest-Agder Mållag fleire år i 1980-åra.

Heider[rediger]

  • Kongens Fortenstmedalje 2001
  • Songdalen kommune sin kulturpris 2001
  • Æresmedlem i Vest-Agder Mållag i 2001
  • Æresmedlem i Landslaget for Spelemenn i 2007.
  • Heidersmedlem i Setesdal spelemannslag 2011
  • Vest-Agder fylkes kulturpris 2012

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]