Dreng Ose

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dreng Ose
Født: 10. juni 1896
Død: 3. september 1990 (94 år)

Dreng Gunnarson Ose (fødd 1896, død 1990) var bonde på Ose og meisterspelemann i Setesdal.

Dreng dreiv ættegarden på Ose (bnr. 1), men var først og fremst spelemann. Han skal ha hatt fele frå han var rundt seks år. 16 år gamal tok han sin første premie i kappleik. I 1923 deltok han på den første landskappleiken, som var i Bergen. Her blei han kåra til bestemann.

Dreng Ose var ein svært aktiv spelemann. Han spela på stemne, i bryllaup og ved andre samkomer. Han var med på å skipe Setesdal Spelemannslag i 1930. Han var læremeister for mange andre spelemenn, mellom anna Otto Furholdt og Såvi Rysstad. Han tilførte Setesdalsmusikken nytt slåttetilfang. Komposisjonen Fosslien er vel kjent.

Dreng var gift med Turid B. Ose (fødd Heistad). Gunnar D. Ose er sonen deira. Far til Dreng heitte også Gunnar D. Ose. Mora var Birgit Svensdotter Ose (fødd Moi).

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]