Hopp til innhald

Vetrhus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2015 kl. 11:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Vetrhusvegen)
Vetrhus med Vetrhusvatnet i bakgrunnen.

Vetrhus er ein nedlagt heiegard (gnr. 13) nord-vest i Evje og Hornnes, på vestsida av Vetrhusvatnet på heia mellom Byglandsfjord og Dåsvannsdalen. Han er nabogard til Yksenskor. Garden høyrde mest truleg til Moseid i eldre tider, men vart skild frå denne eingong på andre halvdel av 1500-talet. Namnet er då sjølvforklarande; han var ein stad der ein kunne overvintre med dyra så ein slapp å køyra foret til Moseid.

Det var same slekta som sat med Vetrhus i fleire hundre år. Men tobakksfabrikanten A. Asbjørnsen i Kristiansand kjøpte garden i 1934. Frå den tid er det han og borna hans som har eigd eigedomen.

Garden var utan køyreveg heilt fram til sist på 1970-talet, då skogsbilvegen frå Håvestøl i Åseral til Yksenskor vart bygd. Då vart det og laga ein arm til Vetrhus.

Kjelder