Smaken av Setesdal
Smaken av Setesdal er eit prosjekt som Setesdal Regionråd etablerte i 2010 for å setje fokus på «kortreist mat», kvalitet, lokal foredling og verdiskaping. Målet var å gjere Setesdal til eit reisemål for mat og matopplevingar.
Hausten 2013 vart prosjektet gjort om til eit samvirketiltak. Smaken av Setesdal har no (2015) 16 medlemmer, plasserte rundt omkring i heile distriktet. Prosjektleiar er Øyvind Nese. Kontoret ligg i Sentrumsbygget midt i Evje sentrum.
15. juni 2015 opna samvirket også gardsbutikk med sal av lokal mat i Sentrumsbygget. Christine Haddeland frå Høgetveit i Evje er tilsett som butikksjef.
Hefte
For å presentere prosjektet laga ein i 2011 eit hefte der ein presenterte nokre av dei som produserer nisjeprodukt i Setesdal:
- Hodne gard
- Karen Marie og Gunnar Wikstøl (Engheim gard)
- Bjellås Bigård
- Jordbærfestivalen
- Tine Meieriet Setesdal
- Matmarknaden på Ose og Ose Mat og Kultur
- Bergtun
- Tytingen
- Wenche og Sjur Høgetveit
- Bykle Hotell
- Fjellgarden Hovden
- Bjåen turisthytte
- Bjåen Fjellstove
- Brokkestøylen
- Tone Austad og Arne Bjørgum
- Sigrid Nersten Lunden og Dagfinn Lunden
- Mari Rygg
- Mikkjel Skjevrak
- Ose Turistheim
- Bjoraa Aquaponics
- Setesdalsgildet