Tytingen
Tytingen er ein fjellgard på Vindsås ovanfor Besteland lengst sør i Valle kommune, 750 meter over havet. Garden vart etablert i 2010 av Rune Ingebretsen og Åse Jorunn Kokaas. Dei driv med boergeiter. Desse treng ikkje å bli melka, men nyttast til kjøtproduksjon. Også skinnet er populært. I tillegg er dei gode til å halde nede vegetasjon i kulturlandskapet. I tillegg driv dei med fuglehundar på Tytingen. Frå hundepensjonatet sel dei 20 til 30 kvalpar i året og dei tek imot hundar for dressur.
Bustaden er eit miljøhus/ passivhus i funkisstil med store vindu og med 40 cm tjukke vegger. Huset har vannbåren sentralvarme. Elektrisk straum får dei frå aggregat, men planen er å setje opp vindmølle som kan produsere straum. Ytterkledningen er av kjernefuru. I tillegg til bustaden har dei ei jakthytte om lag ei mil lenger inne på heia.
3. november 2013 var det reportasje frå Tytingen på NRK1 i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».