Hopp til innhald

Botsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. august 2015 kl. 10:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til lengda på vatnet)
Delvis nedtappa Botsvatn. Til høgre Nordbygdi/Tveiti
Nesland ved Botsvatn før oppdemminga.

Botsvatn er ein omlag 14 kilometer lang innsjø i Bykle kommune i Aust-Agder. Vatnet er regulert mellom 551 og 491 moh., og er inntaksmagasin for Brokke kraftverk. Frå Botsvatn renn vatnet gjennom ein 31 km lang tunnel til Brokke kraftstasjon i Hylestad i Valle. Ved Botsvatn ligg også Holen kraftverk og Skarg kraftverk.

Den første konsesjonen til regulering av Botsvatn kom i 1912, og gav løyve til å regulere vatnet med 10 meter. Utbyggaren valde å gå ned 8 meter i staden for å demme opp. Då Brokke 1 skulle byggast ut på byrjinga av 1960-talet, blei Botsvatn senka nye 9 meter. Dammen i austre enden av Botsvatn som regulerer vatnet i dag vart bygd i 1975-1976 (Brokke II). 25 gardsbruk og andre plassar vart lagde under vatn.

Kjelder


Laster kart ...