Hopp til innhald

Kjetså

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. oktober 2014 kl. 09:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om kva namnet Kjetså truleg kjem av)

Kjetså er ein gard og ei lita grend vest for Voilan og Breiflå i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Nabogarden vestover er Tveit i Hornnes og austover Hornnes (garden). Kjetså var opprinneleg bare ein gard. Men så blei han som den einaste garden i Hornnes delt i mellomalderen. I dei siste århundra er Kjetså derfor nemd som Nedre Kjetså - Neregarden (gardsnr. 16) og Øvre Kjetså - Øvregarden (gardsnr. 17).

Namnet Kjetså er tolka til at mannsnamnet Kjetil er opphavet. Oddmund Mogstad held dette for godt mogeleg. Men sidan Kjetil er eit opphaveleg elvenamn, trur han heller at det kjem etter opphavsordet til kjel og Kjetil, ketill. Oppover langs Kjetsåna er det fleire "kjelar" som har kome av at isblokker låg att i morenemassane etter istida.

Gjennom Kjetså går riksvegen i austleg retning til Evje og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Fram til Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, gjekk vegen mellom Kristiansand og Setesdalen om Kjetså. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn Kjetsåna, eller Tveiteåna som ho vert kalla lenger vestover mot Tveit i Hornnes.

Bruka på Nedre Kjetså - Neregarden

Bruka på Øvre Kjetså - Øvregarden

Kjelder