Futegarden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. oktober 2020 kl. 06:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Futegarden i vinterskrud. Hornnes kyrkje i bakgrunnen.

Futegarden er ein eigedom (gnr. 15 bnr. 58) under garden Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Landhandlar Adolph Johan Abrahamsen åtte eigedomen på 1800-talet, til 1864. Kjøpmann Abrahamsen skal ha vore den første til å drive landhandel i Hornnes. Frå 1865 til 1919 blei eigedomen nytta som bustad og kontorstad for futane i Setesdal. Seinare vart han nytta til lektorbustad for lærarar ved Hornnes gymnas.

I dag er eigedomen i privat eige. Pensjonert lektor Kåre Messel eig han. Han og kona Kristi Wicklund har fått Aust-Agder fylkeskommune sin bygningsvernpris for god restaurering av dei gamle bygingane.

Kjelder