Lie (Evje og Hornnes gnr. 21): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lenke gard
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Føyd til bruket der stabburet står
Line 6: Line 6:
I [[Hornnes I, Gards- og ættesoge|gards- og ættesoga for Hornnes]] meiner [[Olav O. Uleberg]] at Lie og nabogarden Fjellestad ikkje er mellom dei aller eldste i Hornnes, og trur dei kanskje er frå 1200-talet. Men seinare har andre gardkjennarar kome til at Fjellestad truleg kan vere frå tidsromet 700-1000 e.Kr. Då vil nok det same mest sannsynleg også gjelde for Lie.

Det står eit gamalt stabbur på garden, tidfesta til 1600-talet, første halvdel.
Det står eit gamalt stabbur i garden, bnr. 2, tidfesta til 1600-talet, første halvdel.

== Kjelder ==
== Kjelder ==

Versjonen frå 27. januar 2023 kl. 17:37

Lie sett frå Hannåsfeltet i desember 2009.

Lie (Evje og Hornnes gnr. 21) er ein gard på heia vest for Moisund i Hornnes, sør-vest i Evje og Hornnes kommune. Ein kjem dit ved å følge Fylkesveg 301 (Abusdalsvegen) vestover frå Riksveg 9 til Tønnesland, og derfrå Fjellestadvegen nordover til garden. Fer ein nokre hundre meter vidare forbi Lie, kjem ein til nabogarden Fjellestad litt høgare oppe i heia. Frå Lie er det eit vidt utsyn austover mot Hannåsfeltet.

Historie

Fil:Li Hornnes stabbur 021018.jpg
Det gamle stabburet.

I gards- og ættesoga for Hornnes meiner Olav O. Uleberg at Lie og nabogarden Fjellestad ikkje er mellom dei aller eldste i Hornnes, og trur dei kanskje er frå 1200-talet. Men seinare har andre gardkjennarar kome til at Fjellestad truleg kan vere frå tidsromet 700-1000 e.Kr. Då vil nok det same mest sannsynleg også gjelde for Lie.

Det står eit gamalt stabbur i garden, på bnr. 2, tidfesta til 1600-talet, første halvdel.

Kjelder

Kart

Laster kart ...