Jacob Rosef: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Evje og Hornnes kommune +Døde personer fra Evje og Hornnes kommune) |
s Lagt til en kategori |
||
| Line 15: | Line 15: | ||
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Gruvearbeidere]] | [[Kategori:Gruvearbeidere]] | ||
[[Kategori:Flåt nikkelgruve]] | |||
Versjonen frå 25. desember 2021 kl. 19:55
| Jacob Rosef | ||
|---|---|---|
Foto: Skanning frå Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, side 53
| ||
| Født: | 21. august 1893 | |
| Død: | 9. mars 1917 (23 år) | |
Jacob Rosef (fødd 21. august 1893 i Mykland, død 9. mars 1917) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve i Evje. Han byrja i gruva i 1913.
Rosef omkom i ei tragisk fallulukke, under arbeidet med å skyte den nye loddsjakta ned til malmen i Nygruva. Han var i den provisoriske heisen, saman med Erik Nordbø. Dei skulle opp for å hente materialer. Rosef kom ikkje av heisen i tide, kom for høgt oppunder heishjulet og blei kasta ned 180 meter til botnen av den uferdige loddsynken. Nordbø klarte lynraskt å hoppe over på den provisoriske plattforma i dagen og berga livet.
Jacob Rosef etterlet seg kona Sigrid og sonen Georg Rosef, som då bare var eitt år gamal. Namnet hans står på Minnesteinen ved Flåt gruve.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 97
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 53-55