Suleskar: Skilnad mellom versjonar
s Lenkefiks Håhelleren |
s Lenke Berg |
||
| Line 9: | Line 9: | ||
Ein veit at Suleskar var busett i 1611. Men garden kan ha vore busett før Svartedauden (1349/1350), for så å ha blitt lagt aude i lang tid. Garden ligg aude til, og er nok uansett ikkje mellom dei eldste i Sirdal. | Ein veit at Suleskar var busett i 1611. Men garden kan ha vore busett før Svartedauden (1349/1350), for så å ha blitt lagt aude i lang tid. Garden ligg aude til, og er nok uansett ikkje mellom dei eldste i Sirdal. | ||
Det gjekk langt tilbake i tid ein viktig ferdsleveg frå Suleskar austover til [[Håhelleren]] og vidare til gardane Berg og [[Brokke]] i [[Hylestad]]. Suleskar fekk bilveg i 1932. I samband med kraftutbygginga i Sira-Kvina blei det bygd anleggsveg austover til [[Roskreppfjorden]]. Seinare blei den forlenga fram til [[Setesdal]], og blir i dag kalla [[Brokke-Suleskarvegen]]. | Det gjekk langt tilbake i tid ein viktig ferdsleveg frå Suleskar austover til [[Håhelleren]] og vidare til gardane [[Berg (Valle gnr. 63)|Berg]] og [[Brokke]] i [[Hylestad]]. Suleskar fekk bilveg i 1932. I samband med kraftutbygginga i Sira-Kvina blei det bygd anleggsveg austover til [[Roskreppfjorden]]. Seinare blei den forlenga fram til [[Setesdal]], og blir i dag kalla [[Brokke-Suleskarvegen]]. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
Versjonen frå 21. mai 2018 kl. 09:19

Suleskar er ein gard (gnr. 1) langt nord i Sirdal. Bare nabogarden Ådneram ligg endå lenger nord. Høgda over havet på det øvste bruket er om lag 650 meter. I sør grensar garden til Fidjeland. I vest er nemnde Ådneram nabo. I nord grensar Suleskar først til Bratteland i Bykle. Vidare mot nord og aust går grensa mot gardar i Valle. Lenger sør er Brokke og Rysstad i Hylestad grannegardar. Brokke-Suleskarvegen går forbi garden.
Store deler av Suleskarheiene inngår i den svære statlege eigedomen Njardarheim.
Det har blitt bygd mange fritidsbustader i Suleskar dei seinare årtidene.
Historie
Ein veit at Suleskar var busett i 1611. Men garden kan ha vore busett før Svartedauden (1349/1350), for så å ha blitt lagt aude i lang tid. Garden ligg aude til, og er nok uansett ikkje mellom dei eldste i Sirdal.
Det gjekk langt tilbake i tid ein viktig ferdsleveg frå Suleskar austover til Håhelleren og vidare til gardane Berg og Brokke i Hylestad. Suleskar fekk bilveg i 1932. I samband med kraftutbygginga i Sira-Kvina blei det bygd anleggsveg austover til Roskreppfjorden. Seinare blei den forlenga fram til Setesdal, og blir i dag kalla Brokke-Suleskarvegen.
Kjelder
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, utgjeve av Sirdal kommune, 1980, side 23-55