Roskreppfjorden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Roskreppfjorden sterkt nedtappa 3. juni 2017.

Roskreppfjorden er eit svært, oppdemt vassmagasin i Setesdal Vesthei, på grensa mellom Valle og Sirdal. Det er eit fleirårsmagasin, og det høgastliggande magasinet til Sira-Kvina Kraftselskap. Høgaste regulerte vasstand er 929 moh. Lågaste regulerte vasstand er 890 moh. Magasinet er demt opp av fire fyllingsdammar og to massivdammar (flomavleiingsdammar), bygde i 1966–1968. Volumet er 634 millionar km3. Det gir vatn til Roskrepp kraftverk, Kvinen kraftverk, Solhom kraftverk og Tonstad kraftverk.

Elva Kvina renn ut av Roskreppfjorden. Brokke-Suleskarvegen passerer rett sør for fjorden.

Kjelder

Kart

Laster kart...