Suleskar

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Suleskar 20. mai 2018.
Eigedomen Solkro (gnr. 1 bnr. 8) i Suleskar 20. mai 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Suleskar er ein gard (gnr. 1) langt nord i Sirdal. Bare nabogarden Ådneram ligg endå lenger nord. Høgda over havet på det øvste bruket er om lag 650 meter. I sør grensar garden til Fidjeland. I vest er nemnde Ådneram nabo. I nord grensar Suleskar først til Bratteland i Bykle. Vidare mot nord og aust går grensa mot gardar i Valle. Lenger sør er Brokke og Rysstad i Hylestad grannegardar. Brokke-Suleskarvegen går forbi garden.

Store delar av Suleskarheiene inngår i den svære statlege eigedomen Njardarheim.

Det er bygd mange fritidsbustader i Suleskar dei seinare årtidene.

Historie[rediger]

Ein veit at Suleskar var busett i 1611. Men garden kan ha vore busett før Svartedauden (1349/1350), for så å ha blitt lagt aude i lang tid. Garden ligg aude til, og er nok uansett ikkje mellom dei eldste i Sirdal.

Garden blei delt i to bruk tidleg på 1600-talet, «Bjørkåger» og «På Bukkevodlen». Slik heldt det seg heilt fram til 1840-talet.

Det gjekk langt tilbake i tid ein viktig ferdsleveg frå Suleskar austover til Håhelleren og vidare til gardane Berg og Brokke i Hylestad. Suleskar fekk bilveg i 1932. I samband med kraftutbygginga i Sira-Kvina blei det bygd anleggsveg austover til Roskreppfjorden. Seinare (1990) blei han forlenga fram til Setesdal, og blir i dag kalla Brokke-Suleskarvegen.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...