Kyrkjebygda (Evje): Skilnad mellom versjonar
Kyrkjebygda Evje |
s Lenke Evje prestegard |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
== Historie == | == Historie == | ||
Mykje av det som i dag reknast til Kyrkjebygda, var tidlegare hestehage for prestane i Evje. I 1913 kjøpte [[Evje kommune]] eit svært areal på 700 mål frå Evje prestegard av Staten, med tanke på å bygge kommunalt kraftverk i [[Birkelandsfossen]] og å få landbruksskulen for Setesdal til Evje. Korkje kraftverket eller landbruksskulen blei noko av. I staden blei ein del av det innkjøpte arealet utstykka til småbruk og hustomter til arbeidsfolk. Det skjedde rett før og under 1. verdskrigen. I praksis blei det gruve- og verksarbeidarar som slo seg ned her. I alt kom det 29 nye småbruk ut av handelen. I seinare år har det kome ekstra hus på ein del av desse småbruka. | Mykje av det som i dag reknast til Kyrkjebygda, var tidlegare hestehage for prestane i Evje. I 1913 kjøpte [[Evje kommune]] eit svært areal på 700 mål frå [[Evje (Prestegarden)|Evje prestegard]] av Staten, med tanke på å bygge kommunalt kraftverk i [[Birkelandsfossen]] og å få landbruksskulen for Setesdal til Evje. Korkje kraftverket eller landbruksskulen blei noko av. I staden blei ein del av det innkjøpte arealet utstykka til småbruk og hustomter til arbeidsfolk. Det skjedde rett før og under 1. verdskrigen. I praksis blei det gruve- og verksarbeidarar som slo seg ned her. I alt kom det 29 nye småbruk ut av handelen. I seinare år har det kome ekstra hus på ein del av desse småbruka. | ||
[[Setesdalsbanen]] hadde Flatebygd stoppestad i Kyrkjebygda. Det var travelt her då [[Flåt nikkelgruve]] var i drift (til 1946). | [[Setesdalsbanen]] hadde Flatebygd stoppestad i Kyrkjebygda. Det var travelt her då [[Flåt nikkelgruve]] var i drift (til 1946). | ||
Versjonen frå 31. oktober 2016 kl. 00:15
Kyrkjebygda i Evje er området mellom Oddeskogen og Evjekilen. I vest avgrensar Otra området.
Historie
Mykje av det som i dag reknast til Kyrkjebygda, var tidlegare hestehage for prestane i Evje. I 1913 kjøpte Evje kommune eit svært areal på 700 mål frå Evje prestegard av Staten, med tanke på å bygge kommunalt kraftverk i Birkelandsfossen og å få landbruksskulen for Setesdal til Evje. Korkje kraftverket eller landbruksskulen blei noko av. I staden blei ein del av det innkjøpte arealet utstykka til småbruk og hustomter til arbeidsfolk. Det skjedde rett før og under 1. verdskrigen. I praksis blei det gruve- og verksarbeidarar som slo seg ned her. I alt kom det 29 nye småbruk ut av handelen. I seinare år har det kome ekstra hus på ein del av desse småbruka.
Setesdalsbanen hadde Flatebygd stoppestad i Kyrkjebygda. Det var travelt her då Flåt nikkelgruve var i drift (til 1946).
Kjelder
- Sigmund Monen, [[Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 43-44
- Kåre Hodne og Oddmund Mogstad, Kjøp av Prestegards-jord av Evje kommune, artikkel i Arnstein 2011, side 19-23
- Reidar Tveito, Setesdalsbanen, Byglandsfjord 2012, side 34