Hornnes landsgymnas: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lærarar: Gitte Klokkervold
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Nokre elevar: lenke Kjell Kristian Rike
Line 51: Line 51:
*Geir Kjetsaa 1956
*Geir Kjetsaa 1956
*[[Harald Moi]] 1961
*[[Harald Moi]] 1961
*Kjell Kristian Rike 1963
*[[Kjell Kristian Rike]] 1963
*[[Paal-Helge Haugen]] 1964
*[[Paal-Helge Haugen]] 1964
*[[Grete Faremo]] 1973
*[[Grete Faremo]] 1973

Versjonen frå 24. februar 2015 kl. 09:51

Hornnes vidaregåande skule og Otrahallen
Foto: Reidar Tveito

Hornnes landsgymnas vart etablert i 1918 som eit privatgymnas på Hornnes i noverande Evje og Hornnes kommune. Frå 1922 vart det eit fireårig landsgymnas, ein status det hadde til 1975, då skulen vart vidaregåande skule. Det offisielle namnet var likevel Hornnes gymnas fram til 1995. Då vart skulen heitande Hornnes vidaregåande skule fram til samanslåinga med avdelingane i Valle og på Hovden. Etter det har namnet vore Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes.

Linjer og elevar

Hornnes landsgymnas hadde real- og engelsklinje. Frå 1924 fekk ein latinlinje, den hadde skulen fram til 1947. I perioden 1931 til 1939 var det ingen elevar på engelsklinja. Over 80 prosent av elevane kom frå dei to Agder-fylka. Første artiumskull i 1922 hadde 18 kandidatar, to av desse var jenter. I 1928 var det 31 artianarar, i 1947 var det 44. Kvinneandelen dobla seg frå 17% i 1922-1940 til 35% i 1963-1970.

Under andre verdenskrig miste åtte elevar livet. Dei var: Knut Almedal, Ragnar Lømsland, Peder Mollestad, Knut Mykland, Bjørgulv Rysstad, Sigurd Rysstad, Gunnar Thompson og Alfred Ugland. Tyskarane brukte gymnastikksalen til potetlager. I februar 1942 var det elevdemonstrasjon som førte til at NS kravde bortvisning. Rektor nekta å vise dei bort. Same året vart elevar nekta å få eksamen om dei ikkje melde seg inn i NS, i mars var Lærarsambandsstriden. Skulen var stengd i fleire veker og ein av lærarane vart arrestert og send til Kirkenes.

Rektorar

Daniel Danielsen

Lærarar

Olav Arne Kleveland.

Nokre elevar

Her er nokre elevar og året dei tok artium:

Grete Faremo.
Foto: Dybdal / PRT Meymaneh

Kjelder

Eksterne lenker