Skilnad mellom versjonar av «Valle Sparebank»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
(avsnitt)
(→‎Gåver: lenke)
 
Line 14: Line 14:


== Gåver ==
== Gåver ==
Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå [[Valle Sparebank si gåvetildeling 2010]].
Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå [[Valle Sparebank si gåvetildeling 2010]] og [[Valle Sparebank si gåvetildeling for 2025|2025]]


==Tilknytning==
==Tilknytning==

Siste versjonen frå 1. mai 2025 kl. 23:11

Bankens hovudkontor i Valle.
Bankens minibank på Rysstad
er tilgjengeleg frå bilen.

Valle Sparebank er ein liten, sjølvstendig og særs solid sparebank, stifta 24. mars 1866 i Valle, der hovudkontoret framleis ligg.

Forvaltningskapital

Banken sin forvaltningskapital pr. 31. desember 2007 var på 1.026 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 19,21% (styresmaktene sine krav er på 8%). I 2014 var denne auka til 1.365 mill. kr, ei kapitaldekning på 21,41%.[1] I 2024 var eigenkapitalen auka til ca. 3.100 mill. kr.[2] Årsresultatet for 2024 var eit overskot på 35,3 mill. kr. før skatt.

Banken har kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Ved årsskiftet 2015/2016 var det alt i alt kring 3 000 kundar, og det var 14 tilsette som utførte 12,8 årsverk i verksemda.[3] Banken har filial på Rysstad, og eit avdelingskontor i Kristiansand.

Banken dekker dei fleste banktenester, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving.

Kunstsamling

Gjennom åra har banken samla om lag 50 kunstverk av kunstnarar som Lars Osa, Harald Lund, Olav Bjørgum, Vebjørn Sand og Thorstein Rittun. 35 av bileta var vist for publikum sommaren 2010 på Tveitestemna.[4]

Gåver

Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå Valle Sparebank si gåvetildeling 2010 og 2025

Tilknytning

Saman med 75 andre norske sjølvstendige sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Eika-Gruppen AS.

Tilsette

Valle Sparebank hadde pr. 1. januar 2016 14 tilsette. Dei utførte 12,6 årsverk.[5] Administrerande banksjef var då Vidar H. Homme. Våren 2019 overtok Jostein Rysstad stillinga. Han sat i jobben til sommaren 2024. Då overtok Elisabeth Slettedal som administrerande banksjef.

I staben i 2016 var depotansvarleg Bjørg Åkre, rekneskapsansvarleg Anne-Gunn Homme Paulsen og IT- og driftsansvarleg Kåre Rike. Elles jobba avdelingsleiar daglegbank Anette Uppstad saman med daglegbankmedarbeidarane Ingebjørg Helle Haugen, Margit Homme, Karen Marie Rike Lund, Ingvill Nomeland, Kari Brottveit Rysstad og Ingunn Åkre Uppstad. Avdelingsleiar sal og rådgjeving i Valle Helga Jonny B. Kjelleberg hadde med seg kunderådgjevarane Toril Dale, Gro Haatveit Hovet og Erling Sagneskar, og på avdelingskontoret i Kristiansand arbeidde avdelingsleiar sal og rådgjeving i Kristiansand Torleiv Hovet og kunderådgjevar Tor Arild Rysstad.

Sjå også

Referansar

  1. Nettsida til Valle Sparebank, besøkt 28. januar 2016
  2. Sigurd Haugsgjerd, Over 35 mill. kr. i pluss for Valle Sparebank, artikkel i Setesdølen nr. 26, 2025, side 6
  3. Ole Birger Lien, Det handla om pengar, og litt om damer, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2016, side 6
  4. Torunn Charlotte Lund: Banken stiller ut kunst på Tveitestemna. Artikkel i Setesdølen nr. 64, 2010 side 3
  5. Nettsida til Valle Sparebank, besøkt 28. januar 2016

Eksterne lenker