Setesdal sogelag: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Setesdal og setesdølar: oppdatert redaktør
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert medlemstal
Line 3: Line 3:
'''Setesdal sogelag''' vart stifta i eit møte på [[Setesdalsmuseet]] onsdag [[10. april 2013]]. I styret kom [[Hallvard Tveit Berg]] (vara [[Margit Dale]]), [[Magnhild Rygg]] (vara [[Torgeir Moseid]]) og [[Bjarne Tveiten]] (vara [[Magnhild Bjørnarå]]). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og [[Astri Rysstad]] tok på seg rollen som sekretær.

Laget hadde 107 medlemer per februar 2015.
Laget hadde 107 medlemer i februar 2015. Ved årsskiftet 2022/2023 er det 235 medlemer. I det talet er 9 familiemedlemskap.  

== Styre ==
== Styre ==
Line 27: Line 27:
*Olav M. Holen, ''Om å skipe sogelag i Setesdal'', lesarbrev i [[Setesdølen nr. 20, 2023]], side 2
*Olav M. Holen, ''Om å skipe sogelag i Setesdal'', lesarbrev i [[Setesdølen nr. 20, 2023]], side 2
*Oversikt over styret i 2021 i [[Setesdal og Setesdølar 2022]], side 2
*Oversikt over styret i 2021 i [[Setesdal og Setesdølar 2022]], side 2
*Oversikt over styret i 2022 i Årsmeldinga for 2022
*Medlemsoversikt i Årsmeldinga for 2022

== Eksterne lenker ==
== Eksterne lenker ==

Versjonen frå 9. mars 2023 kl. 10:45

Bjarne Tveiten vart vald til leiar i 2013

Setesdal sogelag vart stifta i eit møte på Setesdalsmuseet onsdag 10. april 2013. I styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og Astri Rysstad tok på seg rollen som sekretær.

Laget hadde 107 medlemer i februar 2015. Ved årsskiftet 2022/2023 er det 235 medlemer. I det talet er 9 familiemedlemskap.

Styre

Setesdal og setesdølar

I mars 2015 gav det nye sogelaget ut det første årsskriftet sitt, Setesdal og setesdølar. Redaktør for bladet var Andres Helle. Målet var å lage eit årsskrift med ei fin blanding av nytt og gamalt. Blant mange bidragsytarar i den første utgåva var Bjarne Tveiten, som tok for seg tamreinhistorien. Reidar Tveito såg på slektsgransking gjennom Facebook. Det var dikt og tekstar av Knut K. Homme og utdrag frå «Gard og ætt»/Nordbygdi av Olav M. Holen. Rosinen i pylsa var illustrasjonar av biletkunstnaren Hans Georg Kohler.

Årsskriftet kom også ut i 2016–2023, frå 2019 med Torgeir Moseid som redaktør etter Andres Helle.

Bakgrunn

Knut K. Homme (Valle) møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Magnhild Rygg (Bygland) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland. Møta kom i kjølvatnet av at Johnny Haugen, på vegne av Agder Historielag, hadde skrive nokre innlegg om å opprette eit felles sogelag for heile Setesdal, mellom anna i Setesdølen 29. mars 2011. Olav M. Holen i Bykle tok opp tråden, og la fram forslag om eit slikt lag på årsmøtet i Agder Historielag i 2012. Etter å ha rådført seg med Beint Foss ringte han rundt til aktuelle personar i Bykle, Valle og Bygland som kunne vere interessert i å skipe laget. Til slutt stod dei tre nemnde personane att, saman med Beint Foss.

Sjå også

Setesdal sogelag Årsmelding 2018

Kjelder

Eksterne lenker