Vassendgata

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Vassendgata sett opp mot Riksveg 9. Kjøpmannsgata byrjar ut mot høgre.
Vassendgata er teikna med raud strek.

Vassendgata er ei av gatene i gamlebygda på Byglandsfjord. Denne går i retning aust-vest, frå riksveg 9 og ned til nordsida av tidlegare Setesdal Bilruters område. Sidan Birkelands gate vart dela av Bilrutas nye verkstadbygg i 1982, så vart den nordre delen av den gata til ein ny del av Vassendgata, offisielt etter 2014. Difor gjer gata nå ein sving opp mot brannstasjonen ved Strandgata.

Historie[rediger]

Opphaveleg heitte Byglandsfjord Salbergmoen, og høyrde til Vassend. Det meste av Salbergmoen var dekka av skog med noko myr og ei mindre tjørn i nordre del. Her hadde Vassendgardane beitestad for dyra sine. Difor fann Albert Olsen det naturleg å knyta Vassend til bygda med eit gatenamn under si regulering av Albertstad. Opp mot riksvegen gjer gata ein liten bakke kalla Robstadbakken. Under riksvegomlegginga i 1972 var det fyrst meininga å stenge av gata med ei trapp. Men det ville laga vanskar for brøyting, så ein svær port skulle stenga mot riksvegen når det var snøfritt. Denne kom visstnok aldri i bruk, og forsvann etter nokre år.

Kjelder[rediger]

  • Reidar Tveito og diverse andre muntlege kjelder på Byglandsfjord.