Albertstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjord i 1924. Det åpne området midt i biletet, med gater og berre få hus er det som skulle heitt Albertstad. Nærast ser ein Setesdalsvegen, og i bakgrunnen Byglandsfjord Dampsag, Stasjonsskogen med jarnbanestasjonen.
Foto: Ukjend fotograf

Albertstad er eit namn på ein større del av Byglandsfjord, men eit namn som aldri kom i vanleg bruk. Salbergmoen heitte den flate furumoen der gamlebygda på Byglandsfjord ligg. Det gjekk ein kjerreveg lengst nord i området mellom Setesdalsvegen og Senumsundet. Straks før Stortinget vedtok å byggja jarnbane opp til Byglandsfjorden, så kjøpte handelsmannen Gunder Abusdal opp land på båe sider av denne vegen.

Det kom straks opp hus i dette området, og i 1904 vart 28 parsellar teken ut frå bruk nr. 11, Sundstad, av Albert Olsen & Søn frå Kristiansand. Etter kvart vart det regulert gater og tomter etter mønster frå Kvadraturen i Kristiansand, og han kalla heile området opp etter seg sjølv som Albertstad. Sjølv om namnet forsvann saman med mannen, så vart dette til eit greit regulera bustadfelt lenge før kommunane hadde slike ting å stella med. Dei 5 gatene i området fekk sine namn og tomtenummer som ein har nytta fram til 2014. Etter det vart alle nummer bytta ut med nye, og gatene fekk mindre justeringar for å imøtekoma moderne krav.

Kjelder