Birkelands gate

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Det som er att av Birkelands gate etter 1982. Mot høgre går gata vidare mot Stasjonsvegen. Mot sør, heilt i bakgrunnen, går gata vidare mot Kjøpmannsgata.
Tidlegare gjekk den mykje trafikerte gata akkurat her, men vart stengd av verkstadbygget til Setesdal Bilruter i 1982. Etter 2008 har dette vore eit båthotell.
Foto: Reidar Tveito
Raud strek er Birkelands gate 2014.

Birkelands gate, som i nyare tid har heitt Birkelandsgata, men som opphaveleg (1918) heitte Birkelands gade. Dette er ei av gatene på Byglandsfjord i frå reguleringa til Albert Olsen før 1918. Han var ein kar frå Kristiansand som hadde kjøpt opp heile Salbergmoen sør for Gunnar O. Abusdal si regulering langs Strandgata. Han ville kalle dette for Albertstad, men mellom folk vart det heitande Musemonen.

Ingen veit sikkert kvifor gata fekk dette namnet for rundt 100 år sidan, men det er mogeleg at det er etter ein ven eller slektning av Albert Olsen. Visstnok skal det på den tida ha vore ein funksjonær på Byglandsfjord Dampsag med dette etternamnet. Kan hende gata har namn etter han?

Historikk

Gata tok til i nord frå Strandgata, ved brannstasjonen, og enda i sør ved den vesle bekken som ein gong rann ut i Senumsundet ovafor Kjerringodden. Alle oddetalstomtene på vestsida vart etterkvart kjøpt opp av Byglandsfjord Dampsag som trong større plass. I samband med bygging av Senumsund bru i 1965, med tilkoplingsveg, vart Birkelands gate forlenga sør til Senumsvegen. Partalstomtene på austsida, som fekk sine nummer av Albert Olsen, har ein nytta fram til hausten 2014. Her hadde Setesdal Automobilrutor L/L tidleg kjøpt opp nr. 4, 6 og 8 med tanke på drift- og verkstadbygg.

Etter nedlegging av Setesdalsbanen og Byglandsfjord Dampsag, fekk Setesdal Bilruter ei etterlengta utviding. Eit nytt verkstadbygg vart sett opp tvers over Birkelands gate i 1982 og gata vart såleis delt. Etter at Bilruta flytta til Evje har verkstad og uteområde sidan 2008 blitt nytta til båthotell og produksjon av store plastbåtar.

Birkelands gate fekk ei ny tilkopling mot Stasjonsvegen i 1982, og denne biten fekk også namnet Birkelands gate i 2014. I 1982 vart tilkoplinga til Senumsvegen fjerna, men Birkelands gate fekk i staden endå ein ny bit, nå mot Kjøpmannsgata. Denne stubben fekk omsider dette gatenamnet, 32 år seinare, i 2014.

Kjelde