Salbergmoen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjord, den tidlegare Salbergmoen, 1924.
Foto: Ukjent

Salbergmoen var det opphavelege namnet på den flate furumoen der tettstaden Byglandsfjord vaks fram då endestasjonen for Setesdalsbanen blei lagt hit. Salbergmoen høyrde til garden Vassend.

Det vaks furuskog her, slik det framleis er på andre sida av Otra. Det var nokre myrpyttar og litt grasmark. Eigarane i Vassend nytta området som beitemark. Det gjekk ein kløvveg frå Evje forbi Vassend og vidare nordover mot Neset. Frå denne var det ei avgreining gjennom skogen i Salbergmoen til Byglandsfjorden ved Senumsundet. Det budde ikkje folk i området då.

Sjå også

Kjelder