Strandgata

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandgata går mellom Riksveg 9, som er nærast og Senumsundet i bakgrunnen til venstre.
Byglandsfjord stasjon ved krysset mellom Strandgata og Stasjonsvegen.
Foto: Reidar Tveito
Strandgata i raud strek

Strandgata er den eldste av gatene på Byglandsfjord, og var opphaveleg berre eit tråkk frå ridestien gjennom Setesdal og ned mot Senumsundet. Mellom 1990 og 2014 heitte gata Jernbanegata.

Historie

Den fyrste kjerrevegen som vart bygd i indre Agder kom mellom Hornnes og Senum i 1804. Seinare kom det kjerreveg fram til Valle i 1844, og denne fylgde fyrst vegen til Senum på vestsida av Otra, og med ferjing over Senumsundet. Skulle ein over til Evje, måtte ein ferje over Otra ved Faret i Hornnes. Men så kom det bru til Evje ved Birkeland i 1877. Etter det kom det ny kjerreveg på austsida av Otra frå Evje til Vassend som fylgde Setesdalsvegen vidare oppover. Ja-benkenByglandsfjord er eit minnesmerke om denne vegomlegginga, med årstalet 1887 meisla inn.

Men sjølv med veg på begge sider av Otra trong ein framleis ferjing over Senumsundet, eller Ferjesundet som det også heiter. Heilt sidan vegen til Valle kom i 1847, hadde ein liten bit av denne gått der Strandgata er nå. Bygland kommune vart pålagd å opparbeida denne delen til ein høveleg kjerreveg. Då det vart vedteke at det skulle byggjast jarnbane til Byglandsfjordens breidd, så kjøpte handelsmannen Gunnar O. Abusdal frå Hornnes opp land på begge sider av dette vegstykket. Han forsto at her trong folk bustadtomter etterkvart, og dela opp eigedomen i høvelege storleikar på rundt eit mål.

Gatenamnet

Når gata fekk sitt namn er uvisst, truleg då jarnbanen kom hit i 1896. Osmund Faremo og Torgeir Moseid har meint at det opphavlege namnet var Jernbanegata, men gjennom generasjonar har ein sagt Strandgata heilt til Bygland kommune bygde PU-bustadar på Kaffistovetomta i 1990. I samband med dette vart namnet Jernbanegata teken i bruk. Men så kom det krav om adresser til kvar ein avkrok i Noreg, og då vart det lagt fram ynskje frå bygdefolk om at kommunen tok i bruk det tidlegare namnet Strandgata, og etter 2014 så er dette det offisielle namnet på gata.

Namnet Jernbanegata som ein tidlegare har nytta, er naturleg sidan gata knyter saman Setesdalsvegen og Byglandsfjord stasjon. I begge endar av gata var det også brygge for rutebåtane på Byglandsfjorden, der framleis Hotellbrygga er i bruk sommarstid. Gata enda også i det tidlegare ferjeleiet for Senumsferja.

Namnet Strandgata er også naturleg sidan gata fylgjer stranda ved Byglandsfjorden mellom Setesdalsvegen og Ferjesundet. Det er dette namnet ein har nytta det meste av tida, og som etter 2014 vart det offisielle namnet.

Kjelder