Miljøgate Evje sentrum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Illustrasjonsbilete av gata.
Foto: Evje og Hornnes kommune
3. august 2015 kom arbeidet i gang, med rigging av anleggsområdet og andre førebuingar.

Miljøgate Evje sentrum var eit svært byggeprosjekt i Evje hausten 2015 og våren 2016. I grove trekk gjekk arbeidet ut på å bygge fortau langs heile austsida av sentrumsgata (Nils Heglands veg) frå innkøyringa i sør til Arendalskrysset i nord, og gang- og sykkelveg langs vestsida. Heile gata vart steinsett for at ho skulle få ein heilskapleg og samanhangande utsjånad. Som ein konsekvens av utbyggingsplanen måtte Evje Kiosk flyttast. Den gamle kiosken blei då gjeve i gåve til Trollbakken hoppanlegg, og ein heilt ny kiosk vart bygd opp noko lenger nord i sentrum.

Vegen gjennom sentrum er fylkesveg. Arbeidet var derfor eit samarbeidsprosjekt mellom Evje og Hornnes kommune og Statens Vegvesen. Private bedrifter og forretningar bidrog også, ved å dekke kostnadene med opprusting av private areal. Heile arbeidet var kostnadsrekna til ca 21 millionar kroner inkl. MVA. Kommunen sin del av dette skulle vere inntil 11,1 millionar kroner (netto utgift). I november 2015 blei det opplyst i kommunestyremøte at kostnaden for kommunen truleg ville stige med ca 2,5 millionar kroner på grunn av uforutsette kostnader. Samstundes vart det klart at arbeidet ikkje kunne stå ferdig til rundt 20. november 2015, slik den opphavelege planen var. I april 2016 blei det opplyst i kommunestyremøte at meirforbruket pr. 1. april 2016 var stige til 3 millionar kroner eks. mva. Berekna ferdigstilling av gata var juni 2016.

I det reviderte statsbudsjettet for 2016 fekk Statens Vegvesen 2 millionar kroner til riksvegkryssing. Som eit ekstratiltak vart då gang- og sykkelstien på vestsida av gata forlenga frå Evje Kiosk til forbi Arendalskrysset. Dermed blei det slutt på at gåande og syklande måtte krysse sentrumsgata ved Evje Kiosk for å kome inn på gang- og sykkelstien, slik den opphavelege planen var. Dette arbeidet var ferdig i oktober 2016.

Oppstarten[rediger]

Arbeidet tok til 3. august 2015, med rigging av anleggsområdet og andre førebuingar. Sjølve anleggsarbeidet starta opp ved innkøyringa til sentrum frå Riksveg 9 (Setesdalsvegen) i sør. Arbeidet med å utvide den svære parkeringsplassen på vestsida av sentrumsgata, i den nordre delen av sentrum, kom også raskt i gang.

Jolegateopning[rediger]

Evje sentrum 27. november 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Etter iherdig jobbing av anleggsarbeidarane var så mykje av arbeidet gjort i miljøgata i slutten av november, at jolegata i Evje kunne opnast på vanleg måte fredag 27. november 2015.

Arbeidet tok til igjen i februar 2016[rediger]

Nytt fortau utanfor klesforretninga Lars Kile 4. februar 2016.

Miljøgata vart ikke ferdig før jol i 2015, slik planen opphaveleg var. Heilt i starten av februar 2016 tok arbeidet til att, no med å gjere ferdig fortauet mellom Lars Kile AS og Spisekroken på austsida av gata i nordre enden av sentrum.

Flytting av Evje Kiosk[rediger]

Den gamle Evje Kiosk vart flytta ut av sentrum 14. mars 2016. I bakgrunnen den nye kiosken.
Foto: Geir Daasvatn

Evje Kiosk har sidan 1960-talet vore eit kjend innslag i sentrumsbiletet i Evje. Kiosken har hatt ulike plasseringar. 14. mars 2016 vart den gamle kiosken flytta inn til Trollbakken hoppanlegg. Der han stod skulle det bli parkeringsplass. Ny kiosk var då alt bygd opp noko lenger nord i sentrum, på andre sida av gata for Lars Kile AS.

Asfalteringa tok til 2. mai 2016[rediger]

Mandag 2. mai 2016 tok arbeidet med å asfaltere miljøgata til.

Nye tre blei planta 10. mai 2016[rediger]

Mandag 10. mai 2016 vart det planta nye tre mellom steinklossane langs miljøgata.

10. mai 2016 kom det nye tre langs miljøgata.
Foto: Geir Daasvatn

Offisiell opning[rediger]

Fredag 17. juni 2016 klokka 16 vart miljøgata offisielt opna.

Høgtidleg opning av miljøgata 17. juni 2016. Frå venstre einingsleiar i driftsavdelinga i Evje og Hornnes kommune Torgeir Hodne, Neri Bygland, ordførar i Evje og Hornnes Bjørn Ropstad og oppsynsmann i Statens Vegvesen Sigurd Wiberg.

Bankplassen[rediger]

Arbeidet med å ruste opp plassen framføre Evje og Hornnes Sparebank blei ikkje fullført samstundes med resten av byggeprosjektet i sentrum. Men i månadsskiftet august/september 2017 kom også dette arbeidet i gang.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]