Urdviki

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Urdviki sett frå Nesmoen.
Fjellhamaren i Urdviki
Ein kjempesmell for å gjere riksvegen tryggare forbi Urdviki
Foto: Reidar Tveito

Urdviki er ei vik i Byglandsfjorden like nord for Nesmoen og søraust for Storestraumen. Riksveg 9 går på austsida av Urdviki og fylkesveg 323 startar ved Urdviki. Riksveg 9 er utsett for ras akkurat her, og torsdag 26. mai 2011 skulle vegen stengjastt frå klokka 09 til 13 og ein fjellhamar på 5000 kubikkmeter sprengjast bort.

Rassikring

Rassikringa i Urdviki tok til alt i 2009 og planen var å sprenge bort fjellhamaren hausten 2010, men då kom vinteren så fort at arbeidet vart utsett til våren. Tidlegare har området vorte reinska med klatrelag som har nytta spett og dynamitt, men det var ikkje nok. Etter sprenginga 26. mai 2011 skulle det brukast helikopter som slepte vassbomber for å reinske fjellet. Men på grunn av vulkanutbrot på Island og ei oskesky som kom inn over Sør-Norge denne dagen, vart prosjektet utsett til onsdag 8. juni 2011.

Denne dagen gjekk hovudsprenginga som planlagt, men det måtte fleire mindre salver til etterpå for å rydde opp. Sjølv om vegvesenet hadde førebudd seg godt, så vart det allikevel skade på ein fiberkabel som laga televanskar utover dagen. Trafikken gjennom dalen vart gjennomførd som kolonnekøyring på den smale vegen på vestsida av fjorden. Her hadde ein fått til møtestad ved Dale (Bygland) for å redusere ventetida for dei vegfarande.

Vegstenging etter ras i september 2011

Sundag 4. september 2011 gjekk det eit ras i Urdviki. Ein personbil vart råka og vegen vart stengd. I nesten tre veker, fram til 23. september 2011 var vegen stengd og trafikken måtte atter dirigerast på vestsida av Byglandsfjorden. Så vart det bygd ein 4,5 meter høg og 225 meter lang rasvoll. Det vart og fylt på med meir enn 12000 kubikkmeter masse for å leggje vegbanen ut i fjorden. Kostnadene for denne rassikringa vart rekna til 3-4 millionar kroner.

Kart

Laster kart...

Sjå også

Galleri

Kjelder

Eksterne lenker