Ulvetuva i Bykle

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ulvetuva med Reinevatn i bakgrunnen
Ulvetuva til venstre
Foto: Reidar Tveito

Ulvetuva er ein stad langt inne i bykleheiane. Dette er ei markert høgde på ein smal fjellrygg som strekk seg oppover mot Smalevasseggi, mellom Smalevatn og Reinevatn i Bykle vesthei. Ein liten grasvoll dekkar toppen, og ei smal steinhelle er reist opp for å markera staden.

Gamal ferdaveg[rediger]

Når folk frå Nordbygdi i Bykle laut fara over fjellet mot Kvilldal i Suldal, då gjekk ferdavegen inn Støyledalen omlag der vegen inn til Store Urevatn gjeng i dag. Ved Reinevatn fylgde ein Smalevasseggi mot Krokvatn og vidare vestover.

Historisk hending[rediger]

Det knyter seg ei segn til denne staden om ei tragisk hending som gjekk føre seg der for lenge sidan. Eit par var på veg over fjellet frå Kvilldal. Kona var med barn, og då dei kom til Smalevasseggi så klara ho ikkje meir. Mannen hennar for vidare ned mot Nordbygdi etter hjelp medan kvinna laut vera att. Så gjekk det slik til at ho vart angripen av ulvar innan hjelpa kom, og sette livet til på denne staden. Mannen hennar bar til jord, og gravla henne på toppen av Smalevasseggi. Til sist reiste han opp denne vinkelsteinen som framleis står på staden. Det er også ein mindre flat stein på staden der Olav G. Holen jr. meisla inn namnet Ulvetuva ein gong på 1960-talet. Det knyter seg ikkje noko namn til personane, men segna står så sterkt i Bykle at ein har god tru på at hendinga er sann.

For ein god del år sidan var det ei delvis utgraving på staden, men det vart ikkje funne noko der.

Gruppa Fjellfolk deltok i Melodi Grand Prix 2013 med sangen Ulvetuva basert på denne hendinga.

Lett tilgjenge i dag[rediger]

I samband med kraftutbygging så vart det laga til ein veg heilt inn til Store Urevatn. Denne passerar Ulvetuva med berre få hundre meter, difor kan ein nå lett koma til denne staden, som i tidlegare tider var langt inne i ville heia. Men når ein er her, så er det med vonde tankar i hugen ein ser føre seg ei vergelaus kvinne med barn som fåfengt freistar å halde svoltne ulvar på avstand. Segna fortel óg om kor hardt livet kunne vera i tidlegare tider.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]