Ulvetuva

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ulvetuva ved Reinevatn i Bykleheiane

Ulvetuva er ein sang av Trym Bjønnes, som har laga både tekst og melodi. Med sangen deltok gruppa Fjellfolk i Melodi Grand Prix 2013. Sangen tek utgangspunkt i sagnet som er knytt til Ulvetuva i Bykle. I korte trekk fortel sagnet om ei gravid kvinne som måtte få barnet langt inne på fjellet. Paret var på veg frå Suldal til Bykle og mannen hennar drog etter hjelp. Medan han var borte vart kvinna tatt av ulvar på staden som sidan fekk namnet Ulvetuva.

Teksten til sangen[rediger]

Det var ein gong i gamal tid, to unge over høgfjell fór
Dei freista inn i framtid sjå, for jenta gjekk og venta små
Men sist på heimveg gjekk det troll i ord
Å hent du hjelp, no kallar moder jord
Far no svint som ein vind
Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
Når stormane rasar så ventar eg på
At du igjen skal kvile i min famn
Ho låg åleine langt a'lei, gav liv til små på ville hei
Han jaga ned dei bratte skar og kom ved midnatt fram til gard
Men mor og barn fekk aldri ny dag sjå
for ut av myrkret steig det ulvar grå
Far no svint som ein vind
Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
Når stormane rasar så ventar eg på
At du igjen skal kvile få
Far no svint som ein vind
Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn
Når stormane rasar så ventar eg på
At du igjen skal kvile i min famn
At du igjen skal kvile i min famn

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]