Smalevasseggi
Hopp til navigering
Hopp til søk

Smalevasseggi ligg bak Smalevatn, litt til høgre i biletet. I høgre biletkant skimtar ein anleggsvegen innover mot Store Urevatn.
Foto: Geir Daasvatn

Utsikt mot eit ganske nedtappa Store Urevatn frå Smalevasseggi.
Foto: Reidar Tveito
Smalevasseggi er eit fjell (1322 moh.) i Bykle vesthei i Bykle. Om ein køyrer innover anleggsvegen mellom Nordbygdi og Store Urevatn, ligg fjellet på sørsida av vegen mellom Reinevatn og Store Urevatn. Sør for Smalevasseggi ligg Smalevatn. Ved oppstiginga til fjellet frå aust ligg Ulvetuva, som det knytar seg ei tragisk segn til.
Når folk frå Nordbygdi i tidlegare tider for vestover heiene, gjekk ein veg om Kvilldal ved Suldalsvatnet. Dei reiste då inn Støyledalen og tok opp Svelgen (Svægjen) og over Smalevasseggi. Derfrå for dei vidare gjennom Gravvikskaret til Krokevatn, og gjekk sør for Urevassnutane over Vassdalseggi til dei var framme i Kvilldal.
Kjelder
Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 111 og side 289–290