Uppstad Transport & Anlegg


Uppstad Transport & Anlegg (UTA) var ei entreprenør- og anleggsverksemd med hovudkvarter på Rysstad i Valle. Her var det også verkstad. Eigar og dagleg leiar var Kjell Olav Uppstad. Verksemda hadde rundt 18 tilsette, og omsetjing på om lag 25 millionar kroner i året. Hausten 2015 utførte UTA grunnarbeida til det nye friidrettsanlegget ved Hornnes stadion, og grunnarbeida i den nye miljøgata gjennom Evje sentrum. Firmaet hadde også fleire vedlikehaldskontrakter langs Riksveg 9 og Fylkesveg 45 over til Telemark.
I mai 2017 blei det kjend at UTA hadde begjært oppbud og at verksemda var konkurs.
Historie
UTA starta som eit enkeltmannsføretak for Kjell Olav Uppstad i 1996. I 2002 vart verksemda gjort om til akseselskap. Mellom mange store byggeprosjekt firmaet har vore engasjert i er ny trasé for Riksveg 9 langs Flårstrondi, rassikring i Urdviki i Bygland og Rundkjøringa i Dåsnes, i tillegg til dei som er nemnt ovafor.
Kjelder
- Heimesida til verksemda
- Ole Birger Lien, Uppstad Transport & Anlegg konkurs, artikkel i Setesdølen nr. 35, 2017, side 29