Johannes Daasvand (fødd 13. januar 1884, død 13. september 1955) var ein predikant frå Hornnes. Han var fødd på Flystveit i Åseral, men vaks opp i Vollen på Øvre Dåsvatn. Foreldra var Ånon T. Dåsvatn og Siri J. Dåsvatn.
Liv og virke
Etter at han hausten 1903 vart omvend, begynte han å ha små andaktar på møte i Hornnes. I 1905 vart han leiar av den nystarta foreninga for Kinamisjonsforbundet i Hornnes. Same hausten var han med på haustmøtet for organisasjonen i Kristiansand. Utan at han visste det, vart talen hans vurdert med tanke på å tilsette han som predikant i kretsen. Men det vart han ikkje. I staden flytta han til Ganddal og vart predikant i Stavanger krets. I 1913 flytta familien til Trondheim. Han var då gift med Othelie Daasvand, fødd Sandve. Dei hadde fått sonen Arnold Daasvand, som vart fødd i mars 1913.
 | I mange år virka Johannes Daasvand no som forkynnar og bibellærar særleg i Stavanger og Trondheim. Men leiinga i Kinamisjonsforbundet brukte han også kring i heile landet. Og det er ikkje for mykje sagt at han blei sett på som ein av dei dyktigaste forkynnarane Kinamisjonsforbundet hadde i fyrste halvdel av 1900-talet. |  |
– Erik Kjebekk |
 | I 1931 busette Johannes Daasvand seg med huslyden sin på Mønnesland ved Mandal der dei hadde kjøpt gard. No vart han meir knytta til heimekrinsen. Mange gledde seg over det. |  |
– Erik Kjebekk |
 | I 1943 fekk Daasvand ansvaret for bibelkursa som då blei sette i gang på Drottningborg. Der var han til 1947 då han og kona Othelia kjøpte seg hus på Strai. Han døydde i heimen i 1955. Johannes og Othelia er gravlagde på Oddernes kyrkjegard |  |
– Erik Kjebekk |
Bibliografi
Johannes Daasvand var ein av utgjevarane av bladet Evangelisten nesten heilt frå starten av i 1912. I 1916 trekte han seg som utgjevar, men heldt fram med å skrive i bladet så lenge han levde.[1]
- Under Ordets lyskaster, 1921
- Daapen fri, 1922
- Bygg på berg, 1929
- Naade og ansvar 1925
- Fast grunn 1941
- Frigjøringen i Kristus 1949
- I sjelevinner-tjenesten 1954
Kjelder
Sjå også
Referanser