Klepsland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Klepsland.

Klepsland er ein gard (gnr. 63) langs Gautestadvegen mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes. Nabogarden mot vest, mot Flatebygd, er Åvesland. Klepslandsåna renn forbi garden.

Første leddet i gardsnamnet, klepp, tyder fjellknaus. Det skal ikkje vere funne gravhaugar på garden, slik som til dømes på den (i dag) tilsynelatande mindre sentrale nabogarden Røyrtveit. Gardkjennaren Oddmund Mogstad har ut frå det lurt på om Røyrtveit kan ha gått ut frå Klepsland i si tid.[1] Om dette er rett, finst det gravhaugar frå folkevandringstida også på gamal Klepsland-grunn. Det skulle isåfall tyde på at Klepsland er like gamal som dei fleste andre -landgardane i Evje, altså frå tidsromet 400-600 år etter Kristus.[2]

Referansar[rediger]

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 36
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 64

Kart[rediger]

Laster kart...