Olav Gautestad
Olav Gautestad | ||
---|---|---|
Født: | 9. desember 1901 | |
Død: | 18. mai 1987 (85 år) |
Olav Gautestad (fødd 9. desember 1901 i Bygland, død 18. mai 1987) var prest, mest kjent frå tida som sokneprest i Søgne. Han kom til Gautestad i Evje då han var fem år og vaks opp der.
Den seinare biskopen Johan Peter Lunde døypte han då han var prest i Bygland. Seinare vart det han som ordinerte Olav Gautestad då han var biskop i Oslo.
Etter at han vart pensjonist, busette Olav Gautestad seg i Søgne, og som 82-åring forretta han olsokmesse i Ny Hellesund i 1982 for tredje år på rad. Nærare 150 fiskebåtar var til stades og Gautestad brukte ei hummerteine til preikestol og tala frå ei fiskeskøyte.
I nokre år frå 1936 var han redaktør av det nynorske oppbyggingsbladet Stille Stunder, det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut.[1]
Kjelder
- Omtale i samband med artikkelen Ein ny verd i Jol i Setesdal 1971 side 3